Jølster IL Alpin, ei aktiv og stor gruppe i Jølster IL, med fokus på breidde, rekruttering, skiskule og skileik. I Jølster IL Alpin er hovudmålet å sette skigleda i fokus. Vi ynskjer å tilby eit breitt og allsidig tilbod til born og unge. Der skigleda og leik i bakken skal gi motivasjonen og skape miljøet. Vi ynskjer alle velkomne slik dei er, og med det dei har. Kom med dei skia du har, om det er i bobledress eller fartsdress speler ingen rolle. Å stå på ski skal først og fremst være gøy.
Jølster IL Alpin har eit lågterskel tilbod der du kan komme og prøve. Sjå om du trivst og om du likar deg. Det skal ikkje koste noko, og du treng ikkje melde deg på utan at du har prøvd korleis det er og om det passer for deg. Trivst du og vil fortsette, så ordnar vi påmelding og slikt etter kvart.
https://tv.nrk.no/se?v=DVSF65002421
Treningane er delt i tre grupper ut frå alder og ferdighet. For at alpingruppa skal fungere best mogleg er det viktig at ferdigheit, ambisjon, treningsinnsats og moglegheit for oppfylging frå føresette samsvarer med treningsopplegga i dei ulike gruppene. Alpingruppa ynskje å legge til rette for oppfølging frå føresette og ynskje at dei også er med i bakken og kan bidra med hjelp til praktiske oppgåve slik at aktivitetane kjem i fokus. Dette er også med på å bygge gode relasjonar mellom føresette og utøvarane, samt at det bidreg til eit godt miljø. Nedfor finn du litt informasjon om dei ulike gruppane. Du kan også klikke deg inn på kvar gruppe si eiga side i menyen.
A-Gruppa tilbyr nybyrjarkurs og skiskule for born. Aktivitetane har fokus på meistring, skiglede og bærer preg av leik. Gruppa passer for dei fleste aldersgruppa og er ein fin introduksjon for dei som ikkje har stått så mykje på ski. Dei fleste byrjar her og aldersgruppa er stort sett born frå fire år og opp til 7-8 års alderen. Bassert på ferdigheit flyttes ein over i anna gruppe. A-gruppa held for det meste til i barnetrekket (Hauglandsheisen) og har trening omlag to kveldar i veka frå januar til påske.
B-Gruppa tilbyr ein meir målretta introduksjon mot teknikk. Fokus er retta mot at utøvarane skal lære god svingteknikk og sikker ferdsel i bakken. Dei vil bli introdusert for ulike greiner av alpinidretten og i hovudsak slalåm og storslalåm. Treningane og aktivitetane bærer preg av leik og borna vil få god plass til frikøyring i traseane. Gruppa held treningane i familietraseen («Turisten») i Kvamsheisen. Overgangen frå A til B-Gruppa er bassert på ein kombinasjon av alder og ferdigheit. Dei fleste i denne gruppa ligg på alderstrinna 7 til 12 år.
C-Gruppa er gruppa for dei meir vidarekomne alpinistane, dei som ynskje høgare fokus på teknikk og introduksjon for fleire alpingreiner. Gruppa tilbyr fleire treningar og varierer mellom dei ulike disiplinane. Gruppa har høgt fokus på teknikk og breiddetrening. Fleire av utøvarane deltek også på skikrinsens treningsopplegg og samlingar.
I Jølster IL Alpin har vi også fokus på utdanning av trenarar slik at vi har kompetanse i miljøet. Vi er glade for at fleire tidlegare alpinistar ønskjer å vere trenarar for yngre alpinistar. Jølster IL Alpin har eit godt samarbeid med Jølster Skisenter, som gjer det mogleg å arrangere skiskule, treningar, alpinsamlingar og renn for alle målgruppene, også på internasjonalt nivå med FIS-renn.
Er det noko du lurer på eller ynskjer du meir informasjon om alpin bør du sjekke ut vår faktaside "Om aplin" i menyen, eller klikke her. Du kan også kontakte Jølster IL Alpin via messenger og facebook.