A-Gruppa tilbyr nybyrjarkurs og skiskule for born. Aktivitetane har fokus på meistring, skiglede og bærer preg av leik. Gruppa passer for dei fleste aldersgruppar og er ein fin introduksjon for dei som ikkje har stått så mykje på ski. Dei fleste byrjar her og aldersgruppa er stort sett born frå fire år og oppover til 7-8 års alderen. Bassert på ferdigheit flyttes ein over i anna gruppe. A-gruppa held til i barnetrekket (Hauglandsheisen) og har trening omlag to kveldar i veka frå januar til påske.

Hauglandsheisen i Jølster Skisenter er gratis og ein treng ikkje heiskort.

Gjennom sesongen vil det regelmessig være Telenor Karusell renn. Dette er veldig uoffesielle skirenn der alle kan delta. Her er det kjekt om ein også tek med venner og familie. Det er enkel påmelding i bakken og utdeling av startnummer frå gong til gong. Rennet er berre for moro og skigleda skal stå i fokus og det er permier til alle. Det er ikkje tidtaking.

Som deltakar i Gruppe A er det eit krav at borna melder seg inn i Jølster IL (Hovudlaget). Dette for å sikre at alle som deltek er dekt av den kollektive barneidrettsforsikringa til Norges Idrettsforbund.

Treningstider:

Mandag og onsdag kl 18:00 - 20:00 oppstart ordinære treningar frå fyrste måndag i januar.

 Grunna værforholda kom vi seint i gang med vinterens skiskule. Men sjølv om snøen ikkje la seg skikkelig før på nyåret var det skiglade born i aktivitet og fekk mange fine økter i bakken. Her ser vi nokre bilete fra ein av treningane med A-Gruppa i Hauglandsheisen tidleg i februar. Totalt var det 75 born i ulike aldre med på Jølster IL Alpin sine aktivitetar i vinter.