Fjellbygda

Alpinisme eller fjellsport, var ein aktivitet mange dreiv med frå gamalt av. Det å gå opp på fjelltoppane frå dei mange dalbotnane i Jølster, og renne heilt ned til bøane i bygda, var den tids tidlege topptur alpinisme. Kjell Hamar, 91 år i 2019, og framleis ein som køyrer på ski i heisane på Oppdal, fortel at frå sine gutedagar på 30-talet så samlast ungdommane søndagane, og bestemte seg for å gå opp i fjellet å lage eit hopprenn eller utforrenn. 

Første alpinrenn i 1939

Organisert alpinsport er det ikkje teikn til før på 30-talet. Læraren Einar Veiteberg i Eikås Krins arbeidde med å få i gang interesse for alpint, og i 1939 finn vi den første resultatlista frå eit alpinrenn i Jølster. Utover 40-talet kom slalåm med på skuleskirenn og lagsrenn, aktiviteten auka, og Jølster IL arrangerte sitt første KM i alpint i 1958 på Klakegg, truleg det første KM i alpint som vart arrangert i Sunnfjord. På Klakegg voks det etterkvart fram eit alpint miljø med brørne Arne og Olav Klakegg i spissen, og her var det mykje aktivitet i fleire år, og god kontakt med alpinmiljøet på Stranda, der både kunnskap og utstyr vart henta til Jølster. Lidvald Klakegg  bygde miljøet vidare, og då han kom tilbake til bygda på 60-talet, vaks det fram eit alpinmiljø på Skei, og han  fekk saman med fleire andre montert ein wireheis i Fuglebakkane på Skei første halvdel av 70-talet.

Det aukar på gjennom 70 åra 

I 1975 var det 3 alpinistar som konkurerte i Jølster, Per Gunnar Myklebust, Helge Viken og Atle Hamar. Det vart arrangert lagsmeisterskap i slalåm i Fuglebakkane på Jølster i 1975 og 1976, men då var wireheisen borte. Jølster alpinistane måtte enten til Utvikfjellet eller til Angdedalen i Førde der det var eit wiretrekk på Ramstad, for å konkurrere eller trene. På slutten av 70-talet byrja miljøet på Vassenden å vekse. Even Kongsvik hadde flytta til bygda, og kom med erfaring og kunnskap. Bøafeltet og Langhaugane byrja å få mange nye familiar, med foreldre og born som viste stor interesse for ski og alpint. Det vart arrangert trening og lokale renn på bøane til Leon Årseth og Bård Hamar. Aktiviteten auka mykje, og Kåre Åsen med fleire tok initiativ til å bygge ein skiheis, eit tautrekk i Flugedalen. Dette stod ferdig i 1981, og det var eit langt skritt framover for dei mange unge alpinistane i Jølster. Det tok fullstendig av med aktivitet, og utover 80-talet kunne det vere 50-60 born som vart ganske gode på ski. Arlin Gjesdal, Stig Magne Svalheim,  Mindor Årseth, Kurt Vasstein, Marilyn Steinhovden, Ronny Dale, Øyvind Gjesdal og Jan Erik Sunde fekk si gode opplæring i Flugedalen, og tok etterkvart både KM-titlar og krinsrenn plasseringar. Historisk antakeleg den største gjengen frå Jølster som trente og konkurrerte. 

Jølster får eit alpinanlegg

Flugedalen starta oppturen i alpinmiljøet, men vart etterkvart for liten. Ein ny gjeng foreldre med Erik Nilsen, Sverre Gjesdal og Even Kongsvik sette i gang arbeidet med å bygge ein skikkeleg alpinbakke i Bjørkelia og oppover mot Kvamsstøylen. 950 meter langt T-trekk stod ferdig hausten 1986, og anlegget vart åpna i januar 1987. Tautrekket i Flugedalen vart flytta over til Bjørkelia og vart barneheis der. Nye alpinistar kom til. Siren Heggheim Nilsen, Anita Kongsvik, Stian Helgheim, Stig Myrmel, Aleksander Grønli, Kristian Årdal og Adrian Sandnes var nokre av dei som satsa. Atle Hamar var trenar på første halvdel av 90-talet, og i sommarsesongen la Jølster Alpin inn eit par samlingar på Strynefjellet, i juni og tidleg august i treningsprogrammet.

Mot nye høgder

Etter årtusenskiftet kom det nye familiar til bygda, og med betydeleg alpininteresse. I tillegg hadde nokre av alpinistane som starta i Flugedalen kring 1980 vorte foreldre. Det vart etterkvart ei stor gruppe born som byrja å trene, og Jølster får tidenes beste alpingenerasjon i det første 10-året på 2000-talet. Jostein Ova Bøyum, Ole Jonny Hundvebakke, Amalie Skrede, Soldis Årseth, Bertil Hamar, Lars Arne Rygg, Daniel Heggheim Nilsen, Marit og Ingrid Ova Bøyum, Markus Gamborg og ikkje minst Andreas Strand. Jølster Alpinstane kvalifiserer seg til hovudlandsrenn og landsfinalar, køyrer opp mot topp 10 på sitt beste, men det er Andreas Strand som verkelg gjer det med sin siger i hovudlandsrennet i Super G på Oppdal. Jølster Alpin var definitivt på Noregskartet, og Andreas sin siger var definitivt eit resultat av talent og trening, men også eit resultat av eit miljø med løparar som synte at det gjekk an å hevde seg nasjonalt, og at "den neste kan bli den beste" slik Kjetil Andre Åmot skriv det. 

560 høgdemeter og regionanlegg. 

T-heisen i Jølster vart etterkvart også for liten. Eit forhold var at den vanlege brukar og turist ønskte betre fasilitetar, men alpinistane i Jølster trengte også meir utfordrande treningsfasilietar. Bygda samla seg om å bygge skisenteret opp i Kvamsfjellet, og anlegget fekk 560 høgdemeter frå topp til botn, og 4 km med preppa trase. Stig Tveit var dagleg leiar, og Atle Hamar styreleiar. Anlegget stod ferdig i 2007. 20 millionar kroner samla inn og investert, og også snøprouksjonsanlegg, i høve til å møte meir krevande snøvintrar. Kvamsbakken i Jølster Skisenter er bygd som ein trase for SG og SSL, med terreng og topografi. 

Landsfinale, FIS og "take off"

Alpinmiljøet i Jølster fekk etterkvart mykje kunnskap og røynsle frå store arrangement, og i 2008/2009 søkte klubben om å arrangere Telenorleikane i 2011, landsfinalen for 13-14 åringar. Samstundes vart Jølster Skisenter homologert, dvs teknisk godkjent for FIS renn i slalåm og storslalåm. Jølster Alpin søkte skiforbundet om å bli FIS arrangør. Det vart Jølster Alpin, og i 2010 var alpingruppa i gang med å arrangere 2 slalåmrenn i Norgescupen, og eit samarbeid med Voss Alpin om FIS Vestlandscup. Jølster Alpin har sidan vore årviss arrangør av FIS renn. Skiforbundet tildelte Jølster Alpin Telenorleikane i 2011, eit arrangement som samla 250 ungdommar, men som drog 6-700 gjester til Jølster og Sunnfjord. Ei heil veke med trening og renndagar med SG, SSL og SL. 3000 meter nett vart montert opp og ned, og det var ein kjempeinnsats frå både alpinfolk og bygdefolk.  Det største arrangementet i Jølster Alpin si soge nokonsinne var gjennomført. 

Sportsleg utvikling 2010-2019

År med sportsleg utvikling gjorde også at nye barrierer vart brotne. Jølster Alpinistane reiste ut og Bertil Hamar, Andreas Strand og Jørgen Aarøen Taklo har alle gått/går på Oppdal Skigymnas.  I dag er Strand og Taklo Jølster sine FIS-alpinistar, og Strand har fleire pallplasseringar i FIS renn og ein 5 plass i Junior VM i slalåm som beste resultat, og det er også Jølster Alpin sine fremste alpinprestasjonar.  Jølster Skisenter vart meir og meir ein areana som sytte for at skikrinsen fekk avvikla både trening og renn, ikkje minst på grunn av den fantastiske innsatsen mannskapet i skisenteret gjorde med snøproduksjon og prepping av bakkar.

Breidden alpingruppa har hatt dei siste ti år er historisk god. Alpinistar fødde mellom 1999 og 2005 utgjorde ei stor gruppe alpinistar som også var flinke til å byggje miljø seg i mellom. Klubben har fleire aktive frå andre kommunar, og Jølster Alpin har gode relasjonar i heile alpin Noreg. Eit resultat til slutt: Oda Helene Sunde stillte i Hovudlandsrennet på Hemsedal i yngste årgang i U16. På dag 1 køyrde ho inn til ein 9.plass i utfor. Det resultatet står som det beste i denne fartsdisiplinen nokon Jølster alpinist historisk har prestert. 

Leiarar i Jølster Alpin frå 60 åra til idag:

Lidvald Klakegg

Atle Hamar

Erik Nilsen

Steinar Tonning

Gunnar Hansen

Malmfrid Svalheim

Magne Vasstein

Jan Erik Sunde

Norleiv Helgheim

Heidi Fossheim Årdal

Morten Larsen

Kennet Dale

Bjørn Anders Steinsund

Hilde Ekroll

Britt Karin Vasstein

Kari Anne Årseth

Tone Lin Støfring

Fabian Bergqvist. 

Jølster har på 2000 talet hatt følgjande medlemer i Alpinkomiteen Sogn og Fjordane Skikrins: 

Jetmund Rygg

Eilert Årseth
Atle Hamar

Roger Ellingsund

Sogn og Fjordane skikrins sin representant i styret i Oppdal Alpin Elite (Overbygningen til skigymnaset) har vore Jølster Alpin sin Vidar Taklo.

2019 fekk Atle Hamar hedersprisen på skitinget. Dette var vel fortjent og  Atle fekk den for sitt engasjement for alpinidretten i Jølster og på fylkesnivå. Det vart nevnt mykje som han har bidratt til. m.a Jølster skisenter, jølsteralpin fis og kretsarbeid.