B-Gruppa tilbyr ein meir målretta introduksjon mot teknikk. Fokus er retta mot at deltakarane skal lære seg god svingteknikk og sikker ferdsel i bakken. Dei vil bli introdusert for ulike greiner av alpinidretten og i hovudsak slalåm og storslalåm. Treningane og aktivitetane bærer preg av leik og borna vil få god plass til fri køyring i traseane. Gruppa held treningane i Hauglandsheisen (barnebakken) og etter kvart som sesongen sklir fremover flytter gruppa seg over til familietraseen («Turisten») i Kvamsheisen. Overgangen frå A til B-Gruppa er bassert på ein kombinasjon av alder og ferdigheit. Dei fleste i denne gruppa ligg på alderstrinna 7 til 12 år.

Gruppe B har mykje aktivitet i og rundt området til Hauglandsheisen og er mykje i lag med Gruppe A. Slik at familier med søsken i ulike nivå enkelt kan har borna med på to ulik egruppe. Hauglandsheisen er gratis og ein treng ikkje heiskort. Men vi anbefaler born i Gruppe B å løyse sesongkort, då born i denne alderen stort sett ynskjer å prøve seg i dei større bakkane. For Kvamsheisen lyt ein kjøpe kort.

For dei som ikkje har sesongkort er det mogeleg å betale "heisavgift" med vipps. Kontakt trenar når ein kjem i bakken frå gang til gang.

Treningstider:

  • Måndag 18:00 - 20:00
  • Onsdag 18:00 - 20:00
  • Ekstra treningar ut over dette som annonseres på Spond og Facebookgruppa Jølster IL Alpin og/eller Jølster Alpin Skiskule. 

 

Oppdatert terminliste med renn finn du her.


Oppdatert terminliste over alle renn finn du på krinsen si heimeside eller ved å klikke her. For å sjå kva aldersklassar som er åpne for påmelding må ein klikke seg inn på kvart enkelt renn. påmelding gjennom MinIdrett. For utøverane i B-Gruppa vil vi trekke fram dei lokale renna, samt Julerennet, Even Hole Cup (påske) og renna på Grotli. Desse passer bra for born også i yngre klassar, dei er sosiale og ein får mulighet til å bli godt kjent med dei andre borna i miljøet.

Ål Idrettslag innviterer til værdens største alpinfestival for barn, BAMA Alpinfestival på ÅL 20. - 22. mars 2020.  Arrangemanget fokuserer på skiglede og trivsel og ønsker alle barn fra åtte til tolv år velkommen. Her får barna mulighet til å delta på meir en bare skirenn. I forbindelse med festivalen er det også mykje morro som ein kan oppleve både i og utenfor bakken. 

Sist år deltok fleire frå både Jølster IL Alpin og Førde IL Alpin. Dette vart sosialt og kjekt for både voksne og barn. Meir informesjon om påmelding og overnatting kjem seinare, men vi oppmoder om at flest mogeleg sett av datoane. 

I samarbeid med Førde IL Alpin har vi gleden av å invitere til miljøsamling for dei yngre alpenistane. Samlinga vært i år som sist år på Juvass ved foten av Galdhøpiggen 5. - 8. oktober, første helga av haustferien. 

Miljøsamlinga er eit lågtærskel tilbod med fokus på det sosiale, samhold og miljø. Målet med samlinga er å gi dei yngre alpinistane muligheit til å delta på samling samstundes som dei får være i lag med felire og tid til å bli betre kjent med kvar andre. Det er lagt opp til fire dagar på ski. Overnatting vert etter planen på Raubergstulen. Meir informasjon kjem om kort tid og blir oppdatert her på nettsidane og på facebook.

Påmelding til samlinga gjær ein direkte på Førde IL Alpin si facebookgruppe (be om tilgang om du ikkje kjem inn på innlegget).

Video fra Miljøsamlinga 2018

https://youtu.be/i2D2FVrxWK8