VELKOMEN TIL BYTTEHELGA 2024
Fredag 15. november frå klokka 17 til 19 i nedre varmestove i Jølster skisenter.
Vi ynskjer å bidra til at så mange som mogleg får høve til å delta i idrett, og arrangerer Byttehelga der du kan kjøpe og selje brukt skisutstyr.
 
 
bytehlg

LEVERING AV BRUKT UTSTYR
Har du brukt utstyr du ønskjer å bli kvitt?
Her kan du komme med brukte ski, støvlar, stavar, hjelmar, klede m.m.
Utstyret må vere heilt, reint og pent!
Ta ein runde i garasjen og ta med utstyr du ikkje lenger bruker!

KJØP AV BRUKT UTSTYR
Treng de nytt utstyr til kommande sesong? Møt opp på skibyttedag og skaff deg brukt utstyr til ein rimeleg pris!

INFORMASJON OM JØLSTER IL ALPIN
Er du nyskjerring på alpingruppa og kanskje har lyst å vere med på nybyrjarkurs,skileik eller trenings? Det vil vere representantar frå gruppa til stades som de kan spørre. Vi kan også hjelpe til med valg av riktig utstyr.
Årets alpinsesong er snart i gang, og vi åpnar no for påmelding for nye deltakarar.
Nytt av året er at vi tilbyr gratis nybyrjarkurs og alpintrening for Gruppe A! Dette er gjort mogleg med hjelp av hjertebankmidlar frå Sparebanken Vest, tusen takk!
Jølster IL Alpin i samarbeid med Enivest og Jølster Skisenter inviterar til skiskule for nybyrjarar i barnebakken på Jølster, og du meld deg enkelt på ved å klikke her eller i menyen til høgre!
For trening i gruppe A, B og C kan man klikke her for påmelding og meir informasjon!

Dei som har vore med tidlegare betaler treningsavgift gjennom Spond og treng ikkje å melde seg på på nytt her.

Nybyrjarkurs:
Nybyrjarkurset går over 6 økter fordelt på måndagar og onsdagar gjennom tre veker frå og med 6. januar. Målet er at borna skal oppnå grunnleggjande ferdigheter i bakken slik at dei føler seg trygge. Det vært fokus på god svingteknikk og balanse gjennom leik i bakken. I år legg Jølster Skisenter tilrette for aktivitet i barnebakken med gratis heiskort.

Alle som deltek på vår skiskule kan fortsette på treningane til Jølster IL Alpin Gruppe A resten av sesongen dersom dei ynskjer det etter at skiskulen er ferdig. Det er diplom til alle som deltar på skiskulen.

PS: Det vil komme tilbod om kjøp av sesongkort til aktive til kampanjepris i løpet av desember.

Jølster IL Alpin er svært takksame for denne støtta som gjer oss i stand til å vidareutvikle skiskulen vår. Med gratis borneheis og eit sterkt fokus på breidde og inkludering, kan vi no gi endå fleire born i Sunnfjord sjansen til å delta i skileik og oppleve gleda av å vere på ski! 🏔️🎉

Støtta gjer at vi kan løfte tilboda våre til nye høgder, og sikre at fleire får nytte av dei flotte aktivitetane vi har her i Jølster.

Tusen takk for at de bidreg til skiglede for alle! ❄️❤️

 

hjartebank

Årsmøte for Jølster IL Alpin blir tysdag 04.06.24 klokken 18:00 i varmestova, Jølster Skisenter. Etter årsmøtet, frå ca. 18:30, vert det som vanleg premieutdeling for lagsmeisterskapet. I år vert det også utdeling av pokal til alle Jølster-løparar som hadde minst tre deltakingar SPV AlpinCup.

 

Vel møtt!

Agenda:

SAK 1: Opning av årsmøte 

SAK 2: Val av ordstyrar

SAK 3: Val av referent

SAK 4: Val av to personar til å signere årsmøteprotokoll

SAK 5: Godkjenning av sakliste

SAK 6: Gjennomgong og godkjenning av årsmelding for 2023

SAK 7: Gjennomgong og godkjenning av årsrekneskap for 2023

SAK 8: Val av styre

SAK 9: Innkomne saker

I helga som var har to Jølster-løparar hevda seg på nasjonalt og internasjonalt nivå, først ut var Jørgen Aarøen Taklo som leverte meget sterke resultater i Yllas i Finland:

  • 3. plass i det finske dh mesterskapet.
  • 1. plass i enl hd.
  • 2. plass i det finske super-g mesterskapet
  • 1. plass det siste super-g rennet!

Med dette stadfester Jørgen sin posisjon som ein av Noregs beste løparar i fartsdisiplinene, vi gler oss til å følge karriera hans vidare!

I helga var det også Telenorlekene / Landsfinale 2024 på Geilo, og Lena Kristina Strand imponerte stort i U14-klassen med følgende resultater:

  • 14. plass i Super-G
  • 4. plass i slalåm
  • 4. plass i storslalåm

Det er ingen tvil om at hard trening lønner seg, her har vi eit virkeleg stort talent!

Jølster Alpin gratulerer begge to!

 

 

 

 

Hei, håper alle har hatt ein fin påske!

Tradisjonen tru blir det også i år arrangert lagsmeisterskap for Jølster IL, det blir to renn:

Storslalåm i morgon 02.04 klokka 18
og
Super G på onsdag 03.04 klokka 18.

Her er alle oppfordra til å stille, inkludert foreldre! :)

Påmelding via iSonen: https://isonen.no/event/clu8zp8y000yx10nybgs239ng/?fbclid=IwAR0Us8NlM1lAYxNKH_0rZMBPj4Lo0mELMQMV8dAN3tbSSckE3KwiDq_GI_8_aem_AXRsgFO4yeWy68pBYSD-zZF6X4ItSs0qLPca5OMPSQSVUv2hE5RI9GBLKGBLC8PkYsPETemBOY1qNP-EGQ8eZ5J_

I går, 06.03, vart det arrangert Skisprell i Hauglandsheisen i samarbeid med Sogn og Fjordane skikrins. Det var nydeleg ver og det vart satt opp løyper med litt ekstra element i forhold til det vi har hatt på trening til vanleg. Spesielt populært var det med orgeltramp, det var ein skikkeleg utfordring for balansen!

Vi har ikkje tal på kor mange som møtte opp, men det var fleire nye fjes og både små og store søsken som ikkje pleier å vere med. Vi håpar nokon av dei blir med på trening vidare og til neste sesong!

Det vart servert pølsar, saft og marshmallows til alle som ville ha, og det vart grilla og spist 100 pølser! :)

1d1909f3 9f7e 4ecc 96a1 7964d75e6055

IMG 2509

IMG 2506