Alpinsporten har mange myter knytt til seg, både med tanke på kostnad og utstyr. Vi høyrer til stadighet at du må påregne mange titals tusen for kvart barn som driv med alpin. At ein må ha masser av utstyr, fleire par med ski, fartsdresser osv.
Vi i Jølster IL Alpin ønsker å sette ski gleda i fokus. Vi ynskjer å tilby eit breitt og allsidig tilbod til born og unge. Der ski gleda og leik i bakken skal gi motivasjonen og skape miljøet.
Vi ynskje difor alle velkomne slik dei er og med det dei har. Kom med dei skia du har og om det er i bobledress eller fartsdress spiller ingen rolle. Å stå på ski skal først og fremst være gøy.
Jølster IL Alpin har eit låg terskel tilbod og der du kan komme og prøve. Sjå om du trivst og om du likar deg. Det skal ikkje koste noko og du treng ikkje melde deg på utan at du har prøvd korleis det er og om det passer for deg. Trivst du og du vil fortsette så ordnar vi påmelding og slikt etter kvart.
Som ein hjelp til føresette har vi satt opp litt fakta om kostnader, utstyr og om ulike aktivitetar. Det er viktig å ha i tankane at det ikkje er alle born som deltar på alpin som nødvendig vis ønsker å stå med eit startnummer på brystet. For mange er ski gleda og skileiken i bakken det aller viktigaste. Vi skal legge til rette for begge deler. Og kva val ein gjer i forhold til utstyr vil variere der etter.
Kva kostar det eigentlig?
For den yngste gruppa (A-gruppa) betaler ikkje born under 6 år for årskortet i ski anlegget. Dei må ha kort slik at dei er registrert, men betaler berre kortgebyret på kr 75. Så kjem medlemskap i Jølster IL og treningsavgifta til alpingruppa i tillegg. (For 2022/23 sesongener treningsavgift 400 kr for A-gruppa) Av utstyr treng dei eit par med ski og ein hjelm, så er ein i gang.
For dei litt eldra borna i B og C-gruppa må dei ha sesongkort i ski anlegget. Treningsavgifta for 2022/23 er på 400 kroner for B-gruppa og 800 kroner for C-gruppa pluss medlemskapet i Jølster IL på 130 kroner.
For dei som deltek på renn som er satt opp på skikrinsens terminliste, dekker alpingruppa startkontingentane. Dersom ein har utlegg til desse får ein refundert kontingentane mot kvittering.
Ein klubb for alle!
- Trening for barn med spesielle behov.
- Fysisk aktivitet er av stor betydning for alle barn. Det å lære seg kunsten å stå på ski gir meistring og glede, og det er ein sosial aktivitet der barnet får mogelegheit til leik og samhandling med andre barn.
- Fysisk aktivitet er av stor betydning for alle barn. Det å lære seg kunsten å stå på ski gir meistring og glede, og det er ein sosial aktivitet der barnet får mogelegheit til leik og samhandling med andre barn.
- Barn med funksjonsnedsetting.
- Utfordringene ein møter i arbeid med barn utviklingshemming er ofte av ulik karakter i forhold til ulike aktivitetar. For å tilrettelegge for fysisk aktivitet treng vi generell kunnskap om barnets funksjonsnedsetting. Ta kontakt med Fabian Bergqvist på tlf 41 30 65 76 eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
- Utfordringene ein møter i arbeid med barn utviklingshemming er ofte av ulik karakter i forhold til ulike aktivitetar. For å tilrettelegge for fysisk aktivitet treng vi generell kunnskap om barnets funksjonsnedsetting. Ta kontakt med Fabian Bergqvist på tlf 41 30 65 76 eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
- Låglønsfamile-ordning
- Alle barn bør få moglegheit til å delta på idrettsaktivitetar. Vi i Jølster Alpin startar i vinteren 2022/23 tilrettelegging for at barn i «låglønsfamiliar» kan få gratis skiskule og skitrening, samt lån av gratis utstyr (ski, skisko, hjelm og evt. stavar). Ta kontakt med Britt Kari Vasstein (97 57 24 66) / Fabian Bergqvist (41 30 65 76 / Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.) for påmelding og meir informasjon.
- Alle barn bør få moglegheit til å delta på idrettsaktivitetar. Vi i Jølster Alpin startar i vinteren 2022/23 tilrettelegging for at barn i «låglønsfamiliar» kan få gratis skiskule og skitrening, samt lån av gratis utstyr (ski, skisko, hjelm og evt. stavar). Ta kontakt med Britt Kari Vasstein (97 57 24 66) / Fabian Bergqvist (41 30 65 76 / Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.) for påmelding og meir informasjon.
Men ein må ha så mykje utstyr!
Nei.... eller det kjem an på? Når det kjem til utstyrsnivået legg ein lista veldig etter eiget behov og ynskje. Dersom julegåva til ungdommen er eit par med ski? Vurder slalåmski framfor twin-tip. Då har du allereie tatt kostnaden og treng ikkje kjøpe endå eit par ski i januar. Med eit par kjem ein lang i byrjinga. Det viktigaste ein skal meistre er svingteknikk og då er eit par med slalåmski heilt innafor. Dersom borna ynskjer å delta på renn er det også heilt innafor å køyre på dei same skia som på trening.
Born som ynskjer å satse på konkurranse og utvikle seg innafor alpin vil sjølvsagt ha eit anna behov for utstyr. Men her finst det utruleg mykje bra å få kjøpt bruk for ein rimeligare penge. I alpingruppa arrangerer vi også byttekveld ved start av sesongen slik at ein kan få bytte og kjøpe brukt utstyr. Det finst også mange Facebook-grupper for sal av brukt utstyr, og her finner ein alt ein kan tenke seg av ulikt utstyr.
Vi oppfordrer alle til å køyre med hjelm. Det er også anbefalt å bruke ryggskinne. Dette er ikkje nødvendig for dei aller minste, men er absolutt anbefalt for dei som er meir aktive og køyrer fleire disipliner.
Litt om ski og val av ski:
For dei yngste anbefaler vi ein type carving ski. Treningane bærer preg av skileik og svingteknikk. Det er viktig at dei føler seg trygge og blir selvstendig i bakken.
For dei litt større (B-gruppa) er det ein fordel med ein type slalåm ski. Twin-Tip er ikkje anbefalt. Dette for at dei skal tileigne seg god og sikker svingteknikk. På treningane vil det være fokus på slalåm (SL) og storslalåm (SSL). Begge disipliner kan køyrast med same ski. Men for dei som ynskjer å satse litt meir målretta, vil eit par for kvar disiplin være å anbefale. Det kan være vanskelig å velge rett lengde på skia, men her vil trenarane være behjelpelig med vegleiing.
Lengda på skia vil variere ut frå ferdigheit og styrke. Om ein tar utgangspunkt i ein storslalåmski (SSL), sida den ligg i mellomsjiktet mellom disiplinane. Kan ein ta utgangspunkt i høgda pluss 5 – 10 cm, som vil gi eit greitt utgangspunkt.
Eksempel: Ein løpar på 12 år er ca 155cm høg og som har middels god teknikk.
- SSL ski: 160 – 165 cm (5-10 cm over hodehøgda)
- SL ski: 140 – 145 cm (20 cm kortare en SSL skia)
- SG ski: 180 – 190 cm (20-25 cm lengre en SSL skia)
Det er greitt å merke seg at ein kortare ski vil ha mindre svingradius og følast lettare å svinge, samt virke meir leiken. Er borna nybyrjarar held det med eit par ski. Skal dei delta på renn vil vi anbefale ein ski som barnet føler seg trygg og komfortabel med, men kanskje helst ein SSL ski.
Dei ulike aktivitetane:
Treningsgruppene er inndelt etter alder og ferdigheit. Når borna kjem opp i b-gruppa vil det også være aktuelt med deltaking på renn. Det vert lagt til rette for deltaking på lokale renn i anlegga både på Jølster, i Førde og Sogndal. Gjennom sesongen vil det også være renn på Utvikfjellet og på Grotli. Desse er svært sosiale og familievennlege arrangement.
For dei som ynskjer å satse litt meir målretta vil også deltaking på skikrinsens samlingar være aktuelt. Her bur borna saman med utøvarar frå dei andre alpingruppane i regionen. Dette er med på å bygge det gode miljøet mellom utøvarane på tvers av klubbane. I Jølster IL Alpin vil vi søke å støtte opp om samlingane og om økonomien strekker til vil alpingruppa søke å dekke kostnader til overnatting/smalingsavgift for utøvarane på enkelte samlingar.
Er det farleg?
Nei, eigentleg ikkje.... Vi tørr påstå at dei fleste skadane relatert til alpin skjer utanom organisert trening og idrett. Dei fleste og styggaste skadane kjem av fri køyring utanfor løypa og i kombinasjon med alt for krevjande køyring i forhold til ferdigheitsnivå.
På organiserte treningar, samlingar og aktivitetar i alpingruppa og krinsen held ein høgt fokus på tryggleik. Det er blant anna god avstand mellom dei som er aktive i løpa samstundes. Trenarane har god kontakt med kvar andre via radio og dekker bakken godt slik at ein alltid har god oversikt. Det er også alltid heisvakt på plass som har kontroll på heisane om noko skulle skje i og ved heisane. Det vert sett opp sikringsnett for å skilje løparane og hindre at ein kjem ut av løypa.
Alpin er ein idrett med høg energi og vi er opptekne av at dei som deltek skal inneha gode ferdigheiter for dei ulike aktivitetane. Dei skal føle seg trygge og komfortable. Trenarane vil være behjelpelig med råd og vegleiing i forhold til val av utstyr og tilpassing. Riktig tilpassa utstyr er viktig for tryggleiken.
Korleis er det med forsikringar om uhellet er ute?
Alle born som deltek på organisert aktivitet i regi av Jølster IL Alpin er dekte av Norges Idrettsforbund si berneidrettsforsikring. Denne gjeld til og med den dato borna fyller 13. Deretter må ein løyse lisens som gir forsikringsdekning. Alle som deltek på renn etter fylte 13 år skal løyse lisens for å delta. Ein kan då løyse ein eingongslisens for eit enkelt renn dersom ein ikkje løyser lisens for heile sesongen. For meir informasjon om forsikringar og lisens viser vi til skiforbundet si nettside om lisens og forsikring. Klikk her.