Måndag 30.01 var det siste økt for årest Enivest Nybyrjarkurs, med tilhøyrande utdeling av diplom til alle! Gjennom heile januar har det vore skiglede og meistring, det er alltid like imponerande kor fort born går frå å aldri ha stått på ski til å kunne stå meir eller mindre åleine i bornebakken. Tusen takk til alle borna og foreldre, samt frivillige ungdommar og vaksne, utan desse hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre dette kurset.
Monge av borna har allereie flytta over i Gruppe A i løpet av januar, og dei resterande er velkomne til å bli med dei også. Gi beskjed i Spond, så flyttar vi bornet over i riktig gruppe. I Gruppe A vil man ha skileik, enkel teknikktrening samt frikøyring i Hauglandsheisen. For dei som framleis treng hjelp i heis og bakke, ønsker vi at foreldre framleis er med i bakken siden vi har færre instruktørar på desse normale treningane.
Minner i den forbindelse på at man må då også være medlem av Jølster IL, innmelding gjerast via https://www.minidrett.no/