2019 okt juvass 001

Fleire frå Jølster IL Alpin er til stades på Juvass denne helga i samband med Skikrinsen si samling for utøvarar i klassane U12 og eldre. Og samstundes gjennomfører Førde IL Alpingruppe si årlege Miljøsamling der vi er så heldige å få delta med dei yngre utøvarane. Med skyfri himmel, noe kalde grader og strålande sol viser Galdhøpiggen Sommarskisenter seg frå si beste side. Rett og slett fantastiske forhold, til og med vindstille. Reine påskestemninga på Noregs tak.

 

2019 okt juvass 002

Her ser vi nokre av daltakarane på Miljøsamlinga. F.v. Even Erland, Erik Grønli og Mathias Erland. Gutane satt seg i bilen klokka 05:30 laurdag morgon. Men det var ikkje noko å seie på stemninga då dei tok sine fyrste svinger på Juvass. 

2019 okt juvass 003

Vår sportslege leiar Fabian Berqvist, her med dotera Lena Strand på veg opp heisen gleda seg også over dei fantastiske forholda. «Riktig nok var bakken litt hard, noko som kravde meir av alpenistane, men ein fantastisk dag på Juvass» seier Fabian når vi samlast ved heiskøen. Han og Lena har vore nokre dagar tidlegare enn resten og deltatt på samling arrangert at ARA Norge, Alpine Race Academy.