Er du mellom 15 og 25 år, og har lyst til å bidra som alpintrenar i vinter? Då har du sjansen nå!
Jølster IL Alpin ynskjer ski interesserte og tidlegare alpinistar med som trenarar for våre treningsgrupper kommande sesong. Vi søkjer etter deg som har alpin idrettserfaring frå tidlegare og har lyst å være med i eit trenarteam for born og unge på alle nivå.
Jølster IL Alpin tilbyr honorar på kr 150,- for kvar trening ein deltar på. Du treng ikkje delta kvar veke, men for dei som deltar som trenar og/eller funksjonær ved renn meir en åtte gongar tilbyr vi sesongkort i Jølster Skisenter.
Er dette noko for deg eller vil du vite meir? Ta kontakt med sportsleg ansvarleg i Jølster IL Alpin, Fabian Bergqvist på mobil 413 06 576 eller Roger Ellingsund på mobil 901 52 524.
Du kan også kontakte Jølster IL Alpin direkte i messenger/facebook.