I helga som var deltok heile åtte alpenistar frå Jølster IL Alpin på samling i regi av skikrinsen aom vart avholdt på Ål Skisenter. Samlinga gjekk over fire dagar der det vart kjørt utallege treningsøkter og to renn. Saman med løparane frå Sogn og Fjordane Skikrins, deltok også Hordaland Skikrins med mange utøvarar.
Det som er ekstra kjekt på Ål er at alle utøvarane frå krinsen bur saman og får mogligheit til å bli godt kjende med kvar andre utanom treningane. I år som tidlegare var alle innkvartert på Actif Hotel som med sin direkte tilknyting til bakken blir ein perfekt «base» for samlinga. I tillegg har dei svømmebasseng og andre aktivitetstilbod som vart flittig bruk til leik og moro når øktene i bakken var over.
Krinsen stilte med utrulig flinke trenarar som gjekk gjennom video og ein del kjøreteknikk med alle utover ettermiddagane slik at alle fekk gode tilbakemeldingar og arbeidsoppgåver å jobbe med frå dag til dag. Noko som gjorde utslag i stor sportsleg utvikling for alle.
Fire dagar med tettpakka program ;) Å være på tur skal være kjekt. Så programmet var lagt opp slik at ein ingen hadde tid til å kjede seg ;) Frå tidleg morgon med frukost klokka 0700 og klar på heisen klokka 0815 vart dagane starta med oppvarming i nedre del av storbakken på Ål Skisenter, også kjent som «villomløypa». Etterkvart blei utøvarande delte inn i grupper der nokre trena på teknikk i familieløypa. Ein mindre bratt løype med flotte forhold for å trene glidestrekk og sittestilling. Resten kjørte super-g løypa i seksjonar med ulike utfordringar som brattheng, skråkøyring og hopp. Dagane var delte i tre økter gode økter med mange gjennomkøyringar.
I tillegg til dei aktive som deltok på samlinga blei det lagt til rette for dei aller minste søskena med kortstur løype i familiebakken. Så det blei ein fin oppleving også for dei yngste.
Laurdagen og søndagen gjekk for det meste til med gjennomføring av to Super-G renn. Det var i utgangspunktet planlagt med tre renn. Men på grunn av utfordringar med sikt og føre på laurdagen måtte siste rennet avlysast. Det vart i staden for renn avvikla storslalåm trening på ettermiddagen.
Søndagen vart avslutta med ein slalåmøkt på ettermiddagen før heimreia som for dei fleste vart ein litt lang affære grunna uvær på dei fleste fjellovargangar.