IMG 0272

Andreas Strand enda på andre plass med solid innsats under dagens slalåmrenn i Åre. Rennet er ein del av den svenske meisterskapen i alpint og trekker difor til seg fleire av dei fremste utøvarane i Skandinavia, noko som igjen viser at Andreas held eit svært høgt internasjonalt nivå.

Sesongen starta bra for Andreas då han sikra si første meisterskapsmedalje med bronse i NM. Men tida etter har diverre vore prega av ein del utkøyringar i Europa Cupen og FIS-renn. Det var derfor ein skikkeleg opptur for Andreas å ta denne andreplassen. Det var mange svært solide utøvarar med på konkuransen i Åre som alle køyrte inn bak Andreas i dag. Og han køyrte inn til si beste FIS-punkt rating nokon sinne.

Nå skal Andreas delta på eit par fleire tevlingar i Åre før turen går tilbake til Noreg der planen er å stille til start i årets NM, som forhåpentlig vis blir å gå av stabelen på Oppdal 13. – 17. april.