Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster IL Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr intensiv skiskule for nybyrjarar i barnebakken på Jølster, Hauglandsheisen. Påmeldinga er nå klar og du meld deg enkelt på ved å klikke på her! eller i menyen til høgre!
Vi arrangerer intensiv skiskule for nybyrjarar og born med oppstart i januar. Skiskulen går over 6 økter fordelt på mondagar og onsdager gjennom tre veker. Målet er at borna skal oppnå grunnleggjande ferdigheter i bakken slik at dei føler seg trygge. Det vært fokus på god svingteknikk og balanse gjennom leik i bakken. I år legg Jølster Skisenter tilrette for aktivitet i barnebakken med gratis inngang.
Alle som deltek på vår skiskule kan fortsette på treningene til Jølster IL Alpin resten av sesongen dersom dei ynskjer det etter at skiskulen er ferdig. Skiskulen vil avsluttast med Telenor Karusellrenn med premiering til alle. Det vert også diplom til alle som deltar på skiskulen.