Fleire frå Jølster IL Alpin deltok fredag og laurdag på barmarksamling i Førde. Samlinga var i regi av Sogn og Fjordane Skikrins og eit samarbeid med Førde IL Alpin. Totalt var det omlag 16 deltakarar og Jølster var representert med Lena Strand, Johannes Gjerland og Oscar Ellingsund. Det vart gjennomført økter både inne og ute med stor variasjon av ulike øvelser med fokus både på styrke og kondisjon. I forbindelse med samlinga vart det organisert med overnatting for tilreisande på Slåtten Skule i Førde, noko som er medvirkande til å byggje det gode miljøet og venskapen mellom utøvarane. I tilegg til dei unge som deltok var også Fabian Bergqvist og Roger Ellingsund støttande på trenarsida under deler av samlinga.