JS Nov 19 001

Laurdag opna Jølster Skisenter for testkjøring av anlegget. Siden tidleg i haust har det vore lagt ned eit betydeleg dugnadsarbeid for å få orden på snøproduksjonsanlegget, heis trase og nedfartane slik at anlegget skulle stå klart til vinteren. Etter nokre veker med kuldegradet og fine forhold for snøproduksjon kunne anlegget i helga åpne for fyrste gong. Det vart ein fantastisk remme rundt åpninga, med nydelig vær og mange skiglade born i aktivitet. Jølster IL Alpin mobiliserte med trenera og styremedlemmar for å lage til skileik i barnebakken, der det vart sett ut hopp og portar.

Laurdag var ein testdag for å få prøvd anlegget og heisane, innkjøring av dugnadspersonell og opplæring. Søndag held anlegget steng for å fortsette snøproduksjon og dosering.

Jølster IL Alpin starter opp med trening for Gruppe B og Gruppe C frå mandag klokka 18:00 og ynskjer alle hjarteleg velkommen. Påmelding til årets skiskule/treningsgruper finn du her.

 

Nokre bilete frå sesongåpninga.

JS Nov 19 002

Tre jenter som har gleda seg til at bakken skulle åpne og som stortrivdes på sesongens første dag. Fra venstre: Andrea Tveit, Meida og Lena Strand

 

JS Nov 19 003

To gutar som også trivdes i bakken i dag: Olai t. Gjesdal og Sebastian Vasstein

 

JS Nov 19 004

Det var ein fin ramme rundt den første dagen med åpent skisenter. Været var upåklageleg og borna trivdes med skileik. Det vart sett ut hopp og stukke løype med ulike portar og utfordringar.

JS Nov 19 005