I helga som var vart det arrangert FIS ren på Bjorli. Frå Jølster IL stilte begge våre to låvande FIS-løparar, Jørgen Taklo og Andreas Strand, til start både i slalåm og storslalåm. Begge leverte gode resultat og nok ein gong sette dei Jølster på alpin-kartet. 

 

Andreas leverte ein fin niande plass i storslalåm som beste resultat fra rennhelga, mens Jørgen Taklo ein 20. plass i slalåm. I slalåmrenna låg Andreas i tet etter første omgangane, men juryavgjerd gjorde til at andre omgangane ikkje vart teljande. 

I tillegg til alpenistane frå Jølster må vi nevne Andrine Engelund Mårstøl frå Haugen IL som tok sigeren i damenes slalomrenn. Både Andrine og Andreas vart med dette tekne ut til å representere Norge i kommande Europacup renn. Og Andreas er då den første Jølsteralpenisten som stiller til start i europacup. 

Les meir her:

Mårstøl med siger på Bjorli: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2019/11/marstol-med-siger-pa-bjorli/?fbclid=IwAR17pYIL7SlCcbnwSm5OjVVmsusBOfkawq-gkIgKTQrniU6s29TtCGnvd1g

Europacup for Strand:  https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2019/11/europacup-for-strand_/?fbclid=IwAR15iJD-CPef20t-Ks38AYlG0VTERViJnmUAURn-IITDDWXj1d_3gzLv8Ms