Helga 28. februar til 1. mars er det duka for Europacup i Alpin på Kvitfjell. På start har Jølster IL Alpin, Jørgen Aarøen Taklo, som med sin sterke utvikling gjennom sesongen er teken ut til å debutere og representere Norge i sitt første Europacup renn. Vi har vore i kontakt med Jørgen og spurt han kva tankar han har gjort seg rundt uttaket, sesongen og vegen vidare.
Europa cup uttak og sesongen hittil... Etter nokre bra utfor renn i Hafjell i januar og eit lærerikt renn i fjorårets VM løype i starten av februar fikk eg beskjed av skiforbundet at eg var uttatt til å kjøre to Utfor renn på Kvitfjell i slutten av februar 28-1mars. Sida Europa-cupen går i Norge har skiforbundet nokre ekstra plasser som fordelast på dei som har bra nok verdsrangering, nok «ironman»-poeng og som har vist bra form. Eg har jo en draum om å bli ein av verdas beste alpinistar og då er det eit stort steg på vegen å få debutere i EC.
Sjølv om Jørgen ser frem mot europacup starten må han samstundes ofre noko av det han hadde gleda meg mest til denne sesongen. Nemlig det å komme heim til Jølster for å kjempe om siger i dei 3 SL FIS renna som går samtidig som EC Kvitfjell. Det er ikkje et lett valg, å velge vekk 3 vinnarsjansa på heimebane, (eg har ingen fis sigera enda) fortel Taklo.
Utviklinga mi frå tidlegare sesong har vore stor i alle disiplinar, men eg har diverre ikkje klart å få ut mitt beste i dei ca. 25 renna fram til no... Eg har hatt mange treningsdaga med bestetid på Oppdal Alpin Elite, der det er utøvarar med mange FIS-sigrar og Europa cup startar. Sjølv om eg ikkje er nøgd med alle renna til no har eg fått forbedring i alle disiplinar, og i slalåm er der eg har gjort det best saman med utfor. Storslalåm har eg hatt litt utstyrstrøbbel og litt stang ut. Men eg har vore skadefri og fått trena bra og ser fram mot å ta stege opp på pallen i eit av mange fis renn som står igjen.Ein EC start er absolutt stort men må innrømme at det blir mest for læring og erfaring, det er ein drøm å komme topp 30 men ska holde veldig hardt i debuten. Dei beste fartsløparane er tross alt i 30 åra!
I tillegg til Jørgen, har vi Andreas Strand som tidlegare denne sesongen også vart teken ut og fekk starte i Europacuppen. Det er utruleg kjekt at vi har desse to utøvarane på så høgt nivå og som er to fantastisk gode forbilde for dei yngre utøvarane i alpinmiljøet i og rundt Jølster. Vi Ønsker Jørgen masse lykke til på Kvitfjell.