Fredag 21. februar stilte våre to FIS-løparar til start i FIS-renn på Vassfjellet. Og etter å ha kjørt solid i førdte omgang endte det til slutt med siger til Andreas Strand, og sesongens beste punktrenn for Jørgen Aarøen Taklo.
Vi har i dag vore i kotakt med Andreas som er strålande fornøgd med eiga innsats når han fortel om rennet. Eg starta som nummer 3 på Vassfjellet, som viste seg å være ein stor fordel. Det hjelpte til en solid ledelse etter første omgang som var viktig då andre omgangen blei tøff og kjøringa ikkje så bra, men det holdt akkurat.
Sesongen begynte litt trått for Andreas, og sjølv var han ein tid usikker på om han var på rett kurs. Han fortel at han i januar jobba ekstra hardt saman med trener Tomas Karlsson og fann ut av ting både teknisk og utstyrsmessig som fikk ting til å løsne. Og det er dette som no gjev resultat.
Videre fortel Andreas at europacupen dessverre har gått litt stang ut i år, men det har han meir erfaring og han føler det er gode moglegheiter neste år.
Neste helg er det FIS Jølster 2020. Den store happeningen for Jølster IL Alpin og Andreas kjem heim for å stille til start. Eg ser veldig fram mot å kjøre på heimebane rundt mykje kjent folk. Håpa det kjem bra med folk i bakken og at det blir god stemning på renna, vi må vise Jølster frå si beste side! Seier Andreas, som kjem til å gi alt på heimebane.
Vi har i dag to FIS løparar i Jølster IL Alpin som begge leverer gode prestasjonar og stase for å bli blandt dei beste i landet. Dei er til stor inspirasjon for våre yngre alpenistar og viser at det er mogleg sjølv frå ein liten klubb å nå langt. Vi ønsker Andreas og Jørgen all lykke til framover med både start i europacupp på Kvitfjell og FIS renna på Jølster kommande helg.