telenor 008

Det vart ein fantastisk dag i Jølster Skisenter. Sola skein og føret var fantastisk. Alt låg til rette for ein fantastisk dag då Jølster IL Alpin hadde invitert små og store til karusellrenn i barnebakken. Og for ein fantastisk dag det blei.

 

Med ein vinterferie veke bak oss som ikkje akkurat glimta til med det beste været, kom endelig solen til skisenteret. Då var det mange små og store som fann vegen til fjellet. Jølster IL Alpin hadde laga til eit høgst uformelt barnerenn med parallell slalåm i barnebakken. I tillegg hadde vi fleire element med hopp og rails ute i barnebakken som vart bra motteke av mange born som koste seg på Jølster i dag. I dag handla alt om å skape skiglede i bakken og invitere så mange som mogleg ut på ski. Vi håper det gav meirsmak og at folk ynskje å komme tilbake. Kommande tysdag er det duka for kveldskøyring og vi vil igjen prøve på litt skileik med hopp, rails og slalåmløype i barnebakken.