I Jølster IL er alpenistane nå i full gang med trening og fleire var med på krinssamlinga som vart arrangert på Folgefonna sist helg. Vanlegvis har samlingane på hausten vore på Galdhøpiggen Sommarskisenter på Juvass-breen. Men grunna usikkerheit rundt snøforholda på Juvass vart samlinga flytta til Folgefonna. Det viste seg å være ein suksess og det vart gjennomført fleire økter både med slalåm, storslalåm og barmark over dei fire treningsdagane. Forholda på breen var strålande og Lena, Oskar og Even som representerte Jølster IL Alpin hadde alle stort utbytte av samlinga. I Tillegg til Jølster IL deltok også utøvarar frå Haugen IL, Førde IL og Sogndal IL.
Neste krinssamling som er sett opp blir i haustferien (veke 41). Denne var også i utgangspunktet sett opp på Juvass, men er no vedteken flytta til Folgefonna. Samlinga er sett opp 7. - 11. oktober og meir informasjon ligg på skikrinsen sine nettsider. Du kan også likke her!