Sogn og Fjordane Skikrins arrangerte haustsamling for alpinistane på Folgefonna i samband med haustferien. Samlinga gjekk over fem treningsdagar og fleire alpinistar frå Jølster IL deltok.
Hardanger viste seg frå si beste side og med unntak av ein dag var været upåklageleg. Vinteren meldte også si ankomst og ein av treningsdagane starta med 15 cm nysnø. Noko som gjorde forholda krevjande i starten, men ein god økt blei det. På samlinga si siste dag var det skikkelig påskestemning på breen og fleire av løparane måtte kaste jakka i det gode været.
Samlinga var eigentleg planlagd på Juvass. Men grunna uvissheit rundt forholda vart den flytta til Folgefonna. Men dette til tross fekk krinsen innkvartert alle utøvarane på same stad, noko som gav samlinga høgt fokus på det sosiale. Noko som er ekstra kjekt, men også viktig for å sikre at det er kjekt ikkje berre på trening i bakken, men også utanom ;)
Krinstrenarane Christina og Bjørnar gjorde ein strålande jobb som vart verdsett av løparane som alle heva nivået sitt gjennom treningane. I tillegg til krinstrenarane stilte Førde IL Alpin med Tuva og Smson som gav eit stort bidrag i bakken og på barmark.
Det vart gjennomført fem fulle dagar i bakken med fokus på slalåm og storslalåm. I tillegg vart det gjennomført fire barmarksøkter. Totalt på samlinga var det med 20 løparar, der Jølster IL Alpin var representert med fem av våre.