strand 002

Nok ein gong blei Jølster IL Alpin satt på det Norske alpinkartet då det tidlegare i dag vart køyrt NM i Slalåm på Ål. Våre to fremste talent Andreas Strand og Jørgen Aarøen Taklo stilte til start og med solid køyring i første omgang kvalifiserte begge seg til finaleomgangen. 

 

Andreas leda etter første omgang og stod aleine att på toppen då det skulle avgjerast. Bare det i seg sjølv, ein enorm prestasjon og eit bevis på at utøvarar frå relativt små klubbar på vestlandet også kan hevde seg i landstoppen. Men forspranget frå første omgang holt diverre ikkje heilt inn,,,  men det holt i massevis for pallplass. Og Andreas Strand kjørte dermed inn til Jølster IL Alpin sin aller første meisterskapsmedalje. Jørgen Aarøen Taklo køyrde også sterkt og enda til slutt på ein 21. plass i NM.

Vi gratulerer begge med svært gode resultat som betyr utruleg mykje for klubben og det lokale alpinmiljøet. Både Andreas og Jørgen er begge flotte forbilde for dei yngre utøvarane og det dei presterer viser at det er mogeleg å nå langt. Kommande onsdag er det duka for NM i storslalåm og vi kryssar fingrane og ynskjer begge masse lykke til!