Torsdag 7. januar blei det køyrt europacup renn i Slalåm, i Franske Val Cenis. Andreas Strand frå Jølster IL Alpin leverte to flotte omgangar og køyrte inn til ein sterk 23. plass. Med dette blei han beste Norske i rennet og fekk med seg 8 europacup poeng i samandraget.
Dette er den beste prestasjonen Andreas har levert i europacup samanheng og sjølv rangerer han denne prestasjonen på høgde med 5. plassen han fekk med seg frå junior-VM i 2019.
Etter å ha kvalifisert seg vidare frå første omgangen i Val Cenis, køyrte Andreas ein sterk andre omgang med 11. beste tid, berre 60 hundredelar bak bestetida og klatra 18 plasser på resultatlista. Ein prestasjon som visar at jølstringen leverer på høgt nivå.
Foto: Nicolas Varone