Måndag kveld var det duka for det første karusellrennet denne sesongen på Jølster. Over 50 born deltok og det vart ein fantastisk kveld for skileik og moro i flomlyset i barnebakken på Jølster Skisenter.
Jølster IL Alpin har akkurat avslutta seks økter med skiskule for nybyrjargruppa, som har samla 30 born denne sesongen. Treningsgruppene A+B har også flytta aktiviteten ned i barnebakken for sesongen og samla mange nye. Her kan du sjå bilde frå gårsdagens Telenorkarusell
Som Atle Hamar så fin beskreiv kvelden på facebook; På denne tid for 20 år sidan i Jan/Feb 2001 var vi ein gjeng foreldre som starta opp skiskulen i Jølster Alpin med våre 5, 6 og 7 åringar. Sidan den gong har denne flotte aktiviteten gått kvart år, og soleis er det eit 20 års jubileum. I kveld møtte eg opp for å sjå min nevø Olav og alle dei andre over 50 skiglade borna delta i Telenor karusellen, og mange hyggelege foreldre var med i eit strålande vintervær. I løypene ovanfor trente fleire av dei beste alpinistane i krinsen med Even Hole som coach. Jølsters beste alpinist, E-cup løparen Andreas Strand var heime og med på treninga. Eg hugsar godt når han starta i skiskulen. Kanskje såg vi ikveld den neste som skal bli den beste, som Kjetil Andre Åmot sa det so godt.
Nå får alle som ønsker å fortsette etter nybyrjarkurset også mogligheit til å delta vidare i Gruppe A+B ut sesongen, og vi håper å sjå mange i bakken utover vinteren. Kommande onsdag er det på nytt duka for skileik på Jølster, når representanter frå skikretsen kjem for gi inspirasjon til skileik i bakken. Vi håper å sjå minst like mange skiglade born også då. Ta med alle du kjenner og møt opp.