Det blei ein fantastisk sesongopning for alpingruppa i Jølster IL i går. Sjølv om vi hadde tjuvstarta med nokre testdagar av anlegget førre veke, var det i går startskotet gjekk. Det var stor aktivitet, spesielt rundt Hauglandsheisen der borna i Gruppe A+B køyrde trening samstundes som vi hadde 30 born på nybyrjarkurs.
Enorm pågang
Dei førre sesongane opplevde Jølster IL Alpin svært lita rekruttering og sist vinter måtte nybyrjarkurset avlysast då det berre var to påmeldte. Men i år har det tatt heilt av. Vi byrja med 15 plassar på kurset, og venteliste. Dei siste dagane har pågangen vore så stor at kurset måtte utvidast slik at også dei på ventelista fekk plass. Og vi har måtte ta inn dei eldre alpenistane frå Gruppe C som medhjelparar og instruktørar. Men det virka som borna hadde det kjekt og at det blei ein fin start for nybyrjarane.
Målsettinga for alpinklubben er å få born og unge ut i aktivitet og skape skiglede. Vår filosofi er at dei som blir glade i å stå på ski som ung, tek det med seg seinare i livet. Og grunnteknikken ein lærer gjer at dagane blir kjekkare både i bakken og på topptur med familien. Og då er det ekstra kjekt å sjå at så mange ny born er med oss i år.
Vi har jobba mykje med informasjon via nye nettsider, ny facebookside og flyers som vi har delt ut i skisenteret, dør-til-dør osv. Men Jølster Skisenter, som er vår fremste samarbeidspartner, skal også ha mykje av æra for at så mange har funne vegen til skibakken. At borna kan trene alpin og køyre på ski utan å løyse sesongkort i barneanlegget genererer ein enorm aktivitet blant dei minste. Ein stor takk til skisenteret!