J Taklo 003

Jørgen Aarøen Taklo har fått ein fantastisk start på vintersesongen og med imponerande resultat i fartsveka på Hafjell er han teken ut til å køyre EuropaCup på Kvitfjell 9.-11. februar.  

I byrjinga av februar var det duka for fartsveka på Hafjell med fleire utfor og super-g renn. Blant anna junior NM og FIS renn i fartsdisiplinane. Jørgen leverte ein solid gjennomkøyring i utfor og enda opp med ein solid tredjeplass.

Jørgen seier sjølv dette om veka på Hafjell. 

Det begynte veldig bra for meg med raskaste seksjon på trening og ein pall plass i årets første utfor i Norge! Kom til Hafjell med masse sjølvtillit etter en 13. plass i Italia i et veldig sterkt startfelt veka før. I pallplass rennet på Hafjell, altså første utfor rennet, blei rennskia mine ødelagt og måtte kjøre med litt ødelagte ski dagen etter, men fekk med meg en fin 6 plass! Så kom 2 super-g renn på rad. Her var det en veldig uheldig start stopp idet eg stod på start og eg sto ved pinnen å venta på å kjøre i 55 min men fekk to greie super-g dagar med tanke på litt uflaks i forhold til vær, vind å litt tilfeldigheter. 

jorgen taklo

Men Jørgen har ikkje tid å kvile. Kommande helg er det klart for EuropaCup på Kvitfjell og Jørgen gler seg til å måle krefter mot det høgaste nivået.

No kom europacup uttaket og det er so klart veldig kjekt! Det er det nest høgaste nivået i verden! Eg får no mogeligheita i 5 fartsrenn, altså super-g og utfor 3 på Kvitfjell og 2 på Oppdal! Dette blir veldig gøy og det vert eit ekstremt sterkt startfelt sia heile verds eliten er her, noko som er eit resultat av at det er så begrensa med plassar per nasjon i OL ...for to år sida fekk eg kjøre mine to første EC renn i fart. Då var eg med kunn for å lære, no er eg med for å lære og prestere! 90% av dei beste fartsløparane i verda er rundt 30 år, so eg har mykje å lære enno, men trur eg blir skummel på lagsmeisterskapen i år.... iallfall i super-g... seier Jørgen med eit stor smil om munnen og avslutta med å rette ein stor takk til alle som er med å bidrar både økonomisk, utstyr og ikkje minst dei som har trua på han!! 

Jørgen er ein av fleire alpintalent frå Jølster. Hans yngre bror, Håvard, har også levert gode resultat i FIS ren tidlegare i vinter etter at han byrja første året på Skigymnaset, NTG Lillehammer i haust. Andreas Strand har også levert solide resultat og er teken ut til fleire EuropaCup renn i tida som kjem.