I helga blei det kjørt SPV AlpinCup med storslalåm på Jølster og det var kjekt å sjå at så mange av dei yngste hadde tatt turen for å prøve seg i storslalåmløypa. Dei fleste deltakarane var blant dei yngste klassane og for mange var dette fyrste gogn dei stod på start i eit ekte slalåmrenn.
Jølster IL Alpin har dei to siste sesongane hatt bra rekruttering til skiskulen og dei yngste treningsgruppene. Men renndeltaking har det vente på seg. For mange er det eit "steg opp" å delta på renn og nokre syntes det virkar litt skummelt. Derfor arbeides det nå i klubben for å ufarleg gjære renndeltaking slik at flest mogeleg skal få prøve seg. I gårsdagens ren vart det for eksempel laga til to løypetrasear slik at det skulle være løypealternativ tilpassa alle uavhengig av alder og ferdighet. Dette håper vi har fungert bra og vi håper å sjå alle og kanskje endå fleire med på neste renn.