Det var mange barn og unge som hadde møtt opp på Jølster i går kveld då det vart arrangert Sparebanken Vest AlåinCup i samarbeid mellom Sogn og Fjordane Skikrins og Jølster IL Alpin.
Det er tydelig ar det gror godt i alpinklubben på Jølster for tida. Flesteparten av dei påmeldte var born i dei yngste klassane og mange er med for første eller andre året. Dette er born rekruttert inn gjennom arbeidet med skiskulen og dei minste treningsgruppene. I år har klubben gjort mykje for å legge til rette for at rennpåmelding og deltaking skal være så enkelt som mulig, for å senke terskelen for renndeltaking. Det er trivselen og skigleda som skal stå i fokus og det tydeleg at det var mange av dei yngste som likte å delta på renn.