FIS 2022 001

Jølster Alpin arrangerte for 12. året på rad FIS renn i slalåm laurdag 12. mars. Knapt 40 løparar stilte til start og vi køyrde begge slalåmrenna på ein dag. Covid-19 og sammensetninga av terminlista slo nok litt dårleg ut for oss i høve til deltaking, og dette skal vi og skiforbundet sjå på til neste år. Jølster Alpin hadde 3 løparar med, Andreas Strand og Jørgen og Håvard Årøen Taklo.

Jørgen Taklo køyrde sitt beste renn i det første rennet, og hamna rett bakk pallen med 4. plass. Andreas Strand var den best ranka løparen på herrerennet, og vann renn nr 2. Gratulerer! Håvard Taklo gjennomførte bra, og fekk truleg litt punktforbetring. Artig var det å sjå 46 år gamle Hedda Berntsen køyre inn til 3. plass i første rennet. Hedda kjenner vi frå OL, VM og World Cup for over 20 år sidan, og ho sa til meg etter rennet at vi hadde ein svært god bakke og det var veldig kjekt å vere i Jølster for første gong. Takk til alle som nok ein gong stilte opp som frivilleg arbeidskraft; Noverande og tidlegare alpinforeldre i Jølster, Dei av dykk som kom frå Førde Alpin, og FIS foreldre frå Sogndal, Breim og Haugen som stilte opp. Takk også til Jølster Skisenter for god tilrettelegging. Vi er klar til FIS 20223!

FIS 2022 002