strand 006

Utgangen av februar og starten av mars har bydd på eit par fine oppturar for Andreas.Andreas har dei siste åra vore ein del av regionslaget Trønder Alpin, men har også køyrt ein del Europacup med Europacuplaget. Jølsteralpinisten har hatt ein trøblete E-cup sesong men kan vise til ei ny bestenotering i form av ein 18. plass i Europacup-slalåmen i franske Vaujany. 

I FIS-slalåmen på Vassfjellet 25.2. kom sesongens andre seier. Det var også første FIS-konkurransen nokosinne med 3 stk Jølster-alpinistar på start. Utanom Andreas var brødrene Jørgen og Håvard Aarøen Taklo også på start. Mange av dei faste norske EC-alpinistane var også på plass. Med tanke på storleiken til Sogn og Fjordane skikrins var konkurransen på Vassfjellet veldig oppløftande. Etter første omgang var det heile 3 stk inne i top-10 frå skikrinsen. Jørgen Aarøen Taklo og Elias Helle Felde var på delt 10. plass og Andreas låg 3. I andre omgang blei det dessverre ei utkøyring for Jørgen, men Sogndal sin Sindre Myklebust køyrde ein forrykande andreomgang og klatra frå 17. plass og heilt opp til sølvplass rett bak Andreas. 

strand 005

Dagen etter reiste delar av regionslaga Trønder Alpin og Snølaget (Oslo) på ein liten Mellom-Europa-turné. Tysdag 1. mars var det Mexicansk meisterskap i Italienske Dobbiaco. På startstreken var mellom anna ikkje nokon mindre enn 63 år gamle mexicanske Prins Hubertus von Hohenlohe. I tillegg fleire godt meritterte EC-løparar.
Andreas var noko bak etter første omgang, men med nest beste tid i andre omgang klatra han opp frå 16. til  4. plass og enda totalt 0,53 sek bak vinnaren Hans Vaccari frå Italia. Nasjonale meisterskap betyr ofte betre sjans for gode rating-punkter. Med tysdagens resultat blei Andreas sine punkter 25,61 som er ny bestenotering.

strand 007

No ventar det San Marinske meisterskapet laurdag 5. mars og dagen etter er det Irsk meisterskap. Begge dagane er det slalåm og konkurransane går i Italienske San Vigilio i Kronplatz i Süd-Tirol. 

Deretter blir det heim til Noreg og då går turen truleg til Jølster. Her er det som kjent FIS-slalåm i Bjørkelia laurdag og søndag 12-13. Mars. Der kan vi då få sjå heile 3 Jølstringar i same FIS-renn. For Håvard Aarøen Taklo vil det vere første FIS-renn på heimebane. Storebror Jørgen vil samen med Andreas også etter planene vere på plass. I tillegg er det stor sannsyn for at vi får sjå eit par formsterke gutar frå naboklubbane Breimsbygda og Sogndal i form av Elias Helle Felde og Sindre Myklebust. 
Det blir ei kjekk og spennande helg. 
Velkomne til både utøvarar og publikum!